Valdres Historielag

Heimeside|Lokallag|Skrifter|Bygdebok|Register

Utgjevingar

Publications

Valdres Bygdebok


Valdres bygdboknemnd

AUTHORSHIP/EXECUTIVE-
COMMITTEE.

Formann/Chairman: Ivar Aars, 2920 Leira
Tele 61362072, E-post: / E-mail

Kasserar/cashier: Olav Bråten, 2960 Røn, Tlf 61344332

Formelt sett er styret i VH og dei seks ordførarane med i nemnda.
Formally, the executive committee includes the board members of VH and the 6 community mayors.

Føremål:
Valdres Bygdebok er eit bygdeboksverk som skal femne om dei ulike delene av valdressoga i alle dei seks kommunane. Medan Valdres Historielag gjev ut årbok (tidlegare tidsskrift) med detaljartiklar og stoff frå det reint folkelege til det vitskaplege, skal Valdres Bygdebok prøve å gje eit systematisk og heilsleg oversyn over hovudfelti i valdreshistoria, med tyngdepunkt på grendesoge, gardssoge og slektssoge (band 1).

Verksemd:
Valdres Bygdebok har til no gjevi ut 22 band, og har under arbeid del 2 av den generelle historia (Valdreshistorie ikring 1800-1914, forfattar Harald Hvattum, manus snart fullført) og Nord-Aurdalsbandi av gards- og ættesoga (manus skal vera fullført i året 2002, dei fyrste Skrautvålsgardane er klåre i manuskript).
Planane går elles ut på utgjeving av eit litteraturband, nokre mindre emne som står att, og registerband, forutan fullføring av den generelle historia i band 3 (tidi etter 1914). Eit band om valdrisane i Amerika er òg drøfta, og eit band om biletkunst nemnt.

Utstyr:
Bandi blir gjevne ut med raud innbinding, i vanleg format (A5), og med bygdeboki sin logo - stavkyrkjelåsen frå Hedalen i stilisert form - på framsida. På gards- pg ættesogone er kommunevåpenet nytta på framsida (Kommunane har vori meir eller mindre direkte med som utgjevar, ordførarane er offisielt med i Valdres Bygdeboknemnd).

Historie:

  • Valdres Bygdeboknemnd vart stifta hausten 1922 på Leira, og fyrste formannen var Olaus Islandsmoen. Han døydde i 1949, og Knut Hermundstad tok over. Etter han fylgde Peder Lillebrænd, og frå 1980 har Ivar Aars vori formann
  • Før fyrste band av den ordinære serien kom (band 4 i 1954), hadde Valdres fått desse bygdebøkene:
  • 1914 kom Olaus Islandsmoen: Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoga um Valdres. Olaf Norlis forlag, 179 sidor.
  • 1916 kom Tore Ey: Vang og Slire. Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Skrivi på valdresmål, 787 sidor, faksimileutgåve hjå Børsums forlag 1972. Nyutgjeving 1999.
  • 1923 kom Valdres 900-årsskrift 1923, med eit skriftstyre med Olaus Islandsmoen og fleire. 485 sidor.
  • 1944 kom ei førebels utgåva av gards- og ættesoge for Valdres, i to band og skriven av arkivar Leif Midthaug. Tittelen var Valdres-soga, sidetal 859.

Neste side

Next page in English

 

 

 

 

 

 

 

Purpose:
Valdres bygdebok (VB) is a collection of historical articles comprising all the six communities of.Valdres. While VH publishes a yearbook (earlier "periodicals") with detailed articles from the popular to the scientific, VB tries to give a systematic and general view of the
main part of Valdres history, with particular emphasis on parish, farms and genealogical matters

Activities:
At present VB has published 22 volumes, and is working on volume 2 of the general history of Valdres, comprising the time between 1800 and
1914. MS is nearly completed.
The 4 volumes covering Nord-Aurdal`s frams
and genealogocal history is expected to be finished in the course of 2002.

In addition a plan exists to publish a volume about the literature of Valdres; a registry book for the yearbook collection; and volume 3 of general Valdres history (after1914). A volume about people from Valdres in America is also under consideration.


Equipment:
The bygdebook are published in red binding in A-5 format. On the front of the book a sketch of the doorlock on the stave church in Hedalen is
printed. As the six communities in Valdres have been more or less involved in the publishing of farm- and genalogical books, the emblem of each community is printed on the front of "Bind I".

History:
Valdres bygdbok comittee was established in 1922 with Olaus Islandsmoen as chairman. Knut
Hermundstad took over in 1949 with Per Lillebrenn as successor. From 1980 Ivar Aars has been the chairman.

Before the first volume of the bygdebook collection was published (volume 4 in 1954),
Valdres had the following bygdbooks:

  • 1914 came Olaus Islandsmoen: Søre Aurdal og Etnedal. Some cotrbutions to the history of Valdres. 179 p.
  • 1916 came Tore Ey: Vang og Slire. A lot of information about the farms and people residing on them during the years up to 1865.
    Reprint in 1972 and 1999.
  • 1923 came Valdres` 900 aniversary, a publication in connection with the celebration of the implementation of Christianity in Valdres in 1923. Editing committee with Olaus Islandsmoen as chairman. 859 p.
  • In 1944 a temporary farm- and genealogic history in 2 volumes was published, edited by archivist Leif Middthaug. 859 p.

 

 

 


 
Har du spørsmål så ta kontakt med:
kontaktperson
 
formgjeving: Nils Leine Heimeside|Lokallag|Skrifter|Bygdebok|Register